For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Meny

Stillinger ledig

Vi søkjer etter:                                                                                                                                                 

1. Teknisk leiar med godkjenning for:
     • Bilverksted 03 og • PKK av tunge køyretøy

 


2. Lagermedarbeidar

3. Mekanikar

4. Montør

 

Teknisk leiar Bilverksted 03 og PKK tunge køyretøy:
Vi søkjer her etter leiar for ei ny avdeling som vil bli opna med det første. 


Lagermedarbeidar:
Vi har hatt ein sterk auke i omsetninga av utstyr for bussar både for 2024 og med
nye ordrar framover. Dette har medført at logistikk- og lagerkapasiteten vår har blitt
utfordra. Vi søkjer etter ein person som kan bidra til dette arbeidet. Det er ein fordel
med litt erfaring i bruk av IT, men full opplæring blir gitt.


Mekanikar og montør:
Mekanikar bør ha fagbrev for eit av dei aktuelle områda, men god erfaring vil også vere
positivt. For montør er det fordel med kunnskap om elektronikk og IT, men opplæring
vil bli gitt. For begge stillingane vil det bli ein del reising ut til kundane våre.


Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga som teknisk leiar
kan du ta kontakt med Teknisk leiar Ole Morten Vik tlf. 908 59 670.


Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga som lagermedarbeidar
kan du ta kontakt med Leiar for delesal og logistikk Robert Grodås tlf. 970 30 653.


Dersom du ynskjer meir informasjon om stillingane som mekanikar og montør
kan du ta kontakt med Verkstadleiar Han Inge Kvamme tlf. 990 90 701.


Søknadsfrist: Snarast og innan 10. januar 2025.
Søknad skal sendast på e-mail til: per.dag.nedreberg@vest.no
eller på papir til: Vest Service AS v/ styreleiar, Visnesvegen 9A, 6783 Stryn.

Tilbake
Tilbake